15.8.2009: Tilbakeblikk 1966 - 1970

Forfatter: Edvin Haugen

Underteikna har det siste åra tilbrakt nokre timar i Fjordingen og Fjordabladet sine lokaler. Der har eg blada gjennom gamle utgåver av Fjordingen og Fjordabladet for å finne litt historie om Honndalsfotballen.

I Fjordabladet har eg hatt selskap av Oddvar Espe, slik at jobben med å finne tak i litt historie om klubben går litt raskare. Vel å merke er ikkje vi komne lenger enn til 1970 årgangen av Fjordabladet, men når vi starta med 1925 utgåvene so synst vi at vi er komne godt på veg med jobben.

Her manglar mykje, men noko har ein funne tak i. Om nokon skulle ha informasjon om resultat, spelarar, scoringar,bilder, eller historie knytt til Honndalsfotballen so hadde eg sett pris på om du/de tek kontakt.
Her kjem fyrste del i serien tilbakeblikk.

Vi starta i 1966 og ser på sesongane fram til 1970.


Lagbilde frå Honndalscupen 1968.
Bak frå venstre: Amund Taraldset, Magnar Lien, Eilert Lødøen, Knut O Lødøen, Inge Løvlid og Rolf Myklebust.
Framme frå venstre: Oddvin Lødøen, Knut Lillestøl, Per Otterdal, Magnar Lødemel og Kjell Lien.
Bildekilde: Knut O Lødøen



KILDE: FJORDINGEN (ingenting frå Fjordabladet i denne artikkelen)

1966 - 5. divisjon avd. III, Nordre Sunnfjord/Nordfjord:
========================================================

Kampar Hornindal:
Stryn - Hornindal 4-2
Kjell Lien og Atle Tomasgard scora.

Hornindal - Jølster 7-0

Hornindal - Sandane B 2-2
Amund Taraldset scora begge måla. Denne dagen var det nesten for varmt til å spele fotball.
Det fyrste målet Sandane fekk var sjølmål.

Hornindal - Stryn 1-6
Målscorar for HIL er ukjent, men for Stryn scora Asbjørn Sunde 2 og Gunnar Beinnes 4 mål.

Jølster - Hornindal 2-0

Sandane B - Hornindal 3-5
I denne kampen scora Ottar Lødemel 4 mål på rad. Sandane leda 3-1 til pause.
Kven som scora det 5 målet er ukjent.
HIL styrt mykje av kampen og i store perodar var ikkje ballen på HIL sin banehalvdel.
HIL brende månge store sjansar + eit straffespark.

 

1. Stryn 6 6 0 0 37-7 12
2. Hornindal 6 2 1 3 17-17 5
3. Jølster 6 2 0 4 5-20 4
4. Sandane B-lag 6 1 1 4 11-26 3


Stryn i kvallik mot Førde og Vik.
Stryn - Førde 5-4 (På Byrkjelo)
Førde - Vik 5-3 (I Sogndal)
Vik - Stryn
Kampen mellom Vik og Stryn skulle spelast på Byrkjelo, men Vik trekte seg og dermed rykte
Stryn og Førde opp i 4. divisjon.



1967 - 5. divisjon avd. III, Nordre Sunnfjord/Nordfjord:
========================================================

Kampar Hornindal:
Hornindal - Haugen 0-10
Lite treningsgrunnlag og kamptrening gjorde at HIL var lite klar til seriestart. I tillegg mangla HIL nokre sentrale spelarar.

Jølster - Hornindal 1-5
Haugen - Hornindal 3-0

Hornindal - Jølster 4-2
To mål av Lars Taraldset og et kvar av Lars Lunde og Jon Øen sikra poenga for HIL.

 

1. Haugen 4 4 0 0 28-5 8
2. Hornindal 4 2 0 2 8-16 4
3. Jølster 4 0 0 4 8-23 0
Sandane B trakk laget.


Haugen i kvallik mot ÅTIL og Florø.
Haugen - Florø 3-0 (I Måløy)
Haugen - ÅTIL 2-0 (I Høyanger)
ÅTIL - Florø 0-3 (I Sogndal)
Haugen og Florø opp i 4. divisjon.





1968 - 5. divisjon avd. III, Nordre Sunnfjord/Nordfjord:
========================================================
Kampar Hornindal:
Eid B - Hornindal 1-2
Hornindal - STIL 0-1
Hornindal -Stryn B 5-0
Jølster - Hornindal 2-3
Hornindal - Tornado B 1-2
Hornindal - Loen 9-1

Måløy B - Hornindal 2-3
Ottar Lødemel, Lars Taraldset og Lars Lunde scora for HIL.

Hornindal - Eid B 3-1

STIL - Hornindal 2-0
Med tap i denne kampen mot Sandane tapte også HIL kampen om opprykk. Tapet vart ikkje større takka vere at keeper Knut Lillestøl spelte ein stor kamp.

Stryn B - Hornindal 1-1
HIL var store favorittar til kampen ,men dei låg lenge unde før dei greidde å utlikne. Målscorar er ukjent.

Hornindal - Jølster 0-0


Tornado B - Hornindal 2-3
Ikkje månge hadde på forhand trudd at HIL skulle greie å tukte Tornado, men Honndalsspelarane gjorde dystre spådommar til skamme. Lars Lunde, Ottar Lødemel og Ståle Lødemel scora måla for HIL.

Loen - Hornindal 0-6
Har ikkje funne målscorarane,men ein Opel Rekord med 5 HIL spelarar i gjekk rundt og hamna på taket ein plass mellom Stryn og Loen etter kampen. Kanskje nokon klarar å huske kampen med desse opplysningane? Huska de målscorarane?

Hornindal - Måløy B 2-0
Terje Espe scora begge måla for HIL.


 

1. Sandane TIL 14 11 1 2 83-26 23
2. Hornindal IL 14 9 2 3 38-15 20
3. Tornado FK (B-lag) 14 9 0 5 43-41 18
4. Måløy IL (B-lag) 14 8 1 5 56-24 17
5. Jølster IL 14 5 1 8 46-41 11
6. Eid IL (B-lag) 14 5 1 8 32-54 11
7. Stryn TIL (B-lag) 14 2 4 8 23-46 8
8. Loen IL 14 1 2 11 18-92 4


Her er det ikkje snakk om Sandane B. STIL rykte nemleg frå 3. div til 5. div
på 2 år. STIL i kvallik mot Dale og ÅTIL.
Dale - ÅTIL 1-2
ÅTIL - STIL 3-0
STIL - Dale 2-0
ÅTIL (Årdalstangen IL) og STIL (Sandane Turn og idrettslag)opp i 4. divisjon.




1969 - 5. divisjon avdeling III, Indre Sunnfjord/Nordfjord:
===========================================================
Sesongen 1969 starta HIL med å spele alle bortekampane sine på bortebane. Dvs at dei hadde kun heimekampar på hausten.
Baneforholda var grunnen til dette.

Kampar Hornindal:

Loen-Hornindal 0-7
I følge rapportane var ikkje dette noko stor kamp sjølv om HIL vann so klart som 7-0. Resultatet vart som det vart og det var mykje takka vere ein debutant. Han heitte Mathias Grodås og var akkurat blitt gamal nok til å spele på seniorlaget. Han scora 4 av måla til HIL. Kven som scora dei 3 andre er ukjent.

Breim-Hornindal 0-5
I denne kampen held Mathias Grodås fram med å score, han scora 2 mål, det same gjorde ein av veteranane i laget Amund Taraldset og Ottar Lødemel scora det siste.


Jølster-Hornindal 4-0
Hornindal-Loen 2-2
Hornindal-Breim 6-3
Hornindal-Jølster 4-3
Om desse 4 kampane har eg ikkje klart å spore informasjon.

Her er eit lagbilde frå 1969 sesongen.

Bak frå venstre: Formannen i idrettslaget Rasmus Øen, Ståle Lødemel, Nils Haugen, Magnar Lødemel, Ottar Lødemel, Oddvin Lødøen og Lars Lunde.
Framme frå venstre: Knut O Lødøen, Rolv Myklebust, Terje Espe, Knut Lillestøl og Inge Løvlid.

 

1. Jølster 6 5 0 1 36-9 10
2. Hornindal 6 4 1 1 24-12 9
3. Breim 6 1 1 4 15-31 3
4. Loen 6 0 2 4 5-28 2


Dette året har SFFK berre sett opp "reine" lag tabellmessig. Laga spelte kampar mot B-lag også.

Jølster i kvalikk mot Syril og Dale.
Jølster-Syril 1-2
Dale-Syril 6-0
Dale-Jølster 2-2

Dale og Syril til 4. divisjon.




1970 - 5. divisjon avdeling III, Indre Sunnfjord/Nordfjord:
===========================================================
Kampar Hornindal:
Hornindal - STIL 2-4
STIL - Hornindal 10-0
Hornindal - Haugen 2-8
Haugen - Hornindal 6-0
Hornindal - Selje 6-2
Selje - Hornindal 2-3
Hornindal - Loen 7-0
Loen - Hornindal 2-3
Hornindal - Breim 0-0*
Breim - Hornindal 0-9.

*) 2 poeng til Hornindal.


 

1. Sandane TIL 10 9 0 1 67-10 18
2. Haugen IL 10 8 0 2 79-14 16
3. Hornindal IL 10 6 0 4 32-34 12
4. Selje IL 10 3 1 6 19-41 7
5. Loen IL 10 3 0 7 15-44 6
6. Breim IL 10 0 1 9 3-72 1

STIL spelte kvallik mot FSK og Vik.
STIL - FSK 7-0
FSK - Vik 2-1
Vik - STIL 2-4
STIL og FSK opp i 4. divisjon.


 

Spelarar på HIL i denne perioden var:


Amund Taraldset Nils Haugen
Rolf Myklebust Knut Lillestøl
Magnar Lødemel Magnar Lien
Mathias Lunde Knut O Lødøen
Terje Espe Oddvin Lødøen
Inge Løvlid Ståle Lødemel
Steinar Ringdal Ottar Lødemel
Lars Lunde Arild Seljeseth
Arve Espe Lars Taraldset
Eilert Lødøen Per Otterdal
Jon Øen Kjell Lien
Atle Tomasgard Mathias Grodås
Ståle Hatlelid Geir Haugen


NB!! Det er heilt sikkert flere personar som spelte for HIL i denne perioden, men dette er dei som eg har funne nemt eller på bilde.

Tilbake