30.6.2010: Hornindal - Breimsbygda 8-0

Forfatter: Edvin Haugen

Siste kampen av vårsesongen enda med ein overlegen 8-0 siger mot eit bleikt Breimsbygda lag. Eivind Grodås scora 5 av HIL sine mål, sogar dei 5 fyrste.

Etter ein 1 omgong med brente sjansar i fleng var stillinga til pause kun 1-0 til HIL. Etter spel og sjansar burde leiinga vore både 4 og 5-0.

2 omgong var kun 2 minutt gamal når Eivind legg på til 2-0. Derifrå og inn er det berre eit lag på bana. Eivind scora ytterlegare 3 mål før Tor Ådne Seljeset, Morten Taraldset og Håvard Maurset scora dei 3 siste.

HIL sitt lag:

Kristoffer Grodås
Even Lødemel
Jan Rune Oppheim
Rasmus Gausemel
Martin Seljeset
Svein Olav Solum
Håvard Sollid
Håvard Maurset
Ole Chr Nygård
Morten Taraldset
Eivind Grodås

Innbyttar:
Tor Ånde Seljeset
Olav Otterdal
Kristian Haugen
Edvin Haugen

Ingen kort.

Dommar:
Rune Haugland, Haugen


Eivind var kun 1 mål frå å tangere Ottar Lødemel sin klubbrekord med antall mål i ein og same kamp. Ottar Lødemel scora 6 mål når Hornindal vann 13-0 på heimebane mot Eivindvik i 1977. I same kampen scora Njål Lødemel 5 mål.

Dette er ikkje Hornindal sin største siger over Breimsbygda. I ein kamp på Breim i 1970 vann Hornindal 9-0.

Her er litt kampfakta frå den største heimesigeren som eg trur vi har hatt. Vel å merke manglar eg opplysningar om 1990-talet enda.

Hornindal-Eivindvik 13-0 (6-0)

Allereide etter 2 min tok HIL leiinga i kampen. Ottar Lødemel skaut frå 45 m og ballen dalte ned i vinkelen bak ein keeper som stod litt for långt ute.

2-0 Ottar Lødemel
3-0 Håkon Raftevold
4-0 Njål Lødemel
5-0 Ottar Lødemel
6-0 Ottar Lødemel
7-0 Ottar Lødemel
8-0 Arild Seljeset
9-0 Njål Lødemel
10-0 Ottar Lødemel
11-0 Njål Lødemel
12-0 Njål Lødemel
13-0 Njål Lødemel



Tilbake