|
29.6.2010: HIL-Breimsbygda 30.06 kl 19:30
Forfatter: Steinar Bakka
HIL spelar vårsesongens siste mot Breimsbygda heime på parken onsdag kveld kl 19:30. Breimsbygda ligg sist på tabellen med 0 poeng og er naturlegvis i akutt poengnød. Iht heimesida deira så stille dei eit godt lag til denne kampen, fleire bortebuarar som er tilbake. Vi kan ikkje tillate oss å ta lett på denne kampen og stiller skjerpa til tusen med toppa mannskap. Fleire spelarar som ikkje var disponible i 2-2 kampen mot TMFK er tilbake. Det kan og sjå ut til at Eivind endeleg er kvitt skaden som har satt han på sidelinja i store deler av vårsesongen, men no er han meldt klar til kamp igjen. Følgjande 16 spelarar er klare til morgendagens oppgjer: Krisoffer, Martin, Per Otto, Rasmus, Jan Rune, Håvard M, Håvard S, Svein Olav, Ole Christian, Morten, Eivind, Even, Tor Ådne, Kristian, Edvin,Olav. Det blir med andre ord stor kamp om plassane til vårsesongens siste heimekamp.
|