24.6.2010: Herrar: TMFK2-HIL 2-2 ( 2-2 )

Forfatter: Steinar Bakka

HIL spelte onsdag 2-2 borte mot TMFK2, kampen gjekk på ei flott grasbane på Refvika. Vi reiste ut med en tropp på 13 mann. Spelarar som Morten, Jan Rune, Ole Chr, Kim Runar, Even og Eivind mangla i dag grunna ulike årsaker. Jan Rune fekk fri grunna nært foreståande fødsel, og vi gratulerar han som pappa til ei lita jente som kom til verda natt til i går! Alle lag vil merke det når 6 sentrale spelarar er ute. Men det skal seiast med ein gong at dei som starta kampen i går gjorde ein kjempejobb. Vi gjekk ut i ein litt ukjent 4-1-4-1 formasjon men fekk oss ein kalddusj i tryne etter 6 min når ein TMFK spelar snappar ballen frå Kristoffer inne i 16 m og gir heimelaget ei enkel skåring. Men berre 3 min seinare fossar Håvard M igjennom forsvaret til TMFK og 1-1. HIL tar leiinga midtveis i omgangen, nok ein gon gjennomløp frå Håvard M og 1-2 til oss. Deretter bølga spelet fram og tilbake men dessverre klarte vi ikkje halde tett. Ein uheldig Kristoffer feilbereknar i feltet og ein TMFK spelar kan heade ballen enkelt i det tomme buret til 2-2. I pausa må Kristoffer gje seg og det er klart for Edvin " katten" Haugen i mål. Grunna det tidlege byttet må vi gjere ei formasjonsendring og går over til 4-4-2, "katten" Haugen i mål og Tor Ådne inn som spiss. Første 10-15 min av andre omgang spela vi god fotball og kjem til fleire sjansar og halvsjansar utan å lykkast. Siste 25 min er det stort sett snakk om TMFK i angrep og HIL i forsvar. TMFK produserar 4-5 store sjansar og brenn den største av dei frå straffemerket etter ei fantomredning av "katten" Haugen. Korleis han i det heile kom ned i sit høgre hjørne og samtidig klare å fiste ballen over linja veit berre han. Men ei kjemperedning var det. Kampen ebbar ut etter 6 lange tilleggsminutt og vi skal absolutt vere fornøgde med 1 poeng i denne kampen. Men etter fyrste omgang + dei 15min i andre kunne vi fort ha tatt med oss alle poenga heimat. Men litt finnlandshette og ran hadde det nok smakt då med tanke på slutten av kampen. Tek med til slutt at Steinar Gram debuterte for HIL og gjorde ein god figur. I tospann med stopparkollega Rasmus fann han tonen og spelte seg stort opp utover kampen. Gode brudd, tøff i duellane og viser bøttevis med rutine. Blir ein fin tilvekst for laget vårt utover.

HIL lagoppstilling ( 4-1-4-1 )
Kristoffer
Per Otto, Rasmus, Steinar, Martin
Edvin
Svein Olav, Håvard S, Håvard M, Kristian
Olav

Tor Ådne - 45 min for Kristoffer
Stian - 25 min for Kristian

Mål: Håvard M x 2
Gule kort: Svein Olav, Steinar, Per Otto, Martin
Raude kort:

Tilbake