5.6.2010: Bortekamp for herrelaget

Forfatter: Edvin Haugen

I morgon (søndag) skal herrelaget til Sandane for å møte Sandane sine "nest beste". Kampen går på den flotte kunstgrasbana på Myklebustflata kl.15.00.

Sandane sitt A-lag spelar i 3 divisjon etter opprykk frå 4 divisjon i fjor. Medan B-laget rykka opp frå 6 divisjon.

Sandane er ein klubb som har solide tradisjonar.
Dei har stortsett alltid vore gode på aldersbestemt fotball, og no ser det ut til at Sandane nok ein gong er skikkeleg på plass med herrelaga sine.
Sandane 2 vann forrige helg heile 6-1 på bortebane mot Loen, det er ikkje mange lag som har gjort før, eller som vil gjere seinare.

Største bortetap mot Sandane som eg har funne i min historiske gjennomgong av Honndalsfotballen er 10-0 i 1970.
Vel å merke er ikkje 90-talet med i denne oversikta.

Tilbake