31.5.2010: Herrar: HIL-Stadlandet 1-3 (0-2)

Forfatter: Steinar Bakka

HIL rota det kraftig til for seg sjølv med ein særs dårleg fyrste omgang mot Stadlandet laurdag. Eit langskot som Krissen var på, men som uheldigvis slo i tverren klin i krysset, samt ein corner der vi ikkje er med i det heile so vips sto det 0-2! Vi klarte aldri å kome oss heilt etter denne svake starten. Morten hadde to store sjansar like før pause, ein i tverleggaren og ein rett på utsida av stanga. Men som mange gangar før slit vi med å sette dei opplagte sjansane våre. Det skal og leggast til at den knallharde matta på idrettsparken også går i vår disfavør, vi takla ikkje underlaget i det heile.
Kva so med andre omgang, vi var klart best og pressa Stadlandet, men det vart med den eine reduseringa ved Martin. Målet som vi slapp inn 2 min før slutt snakkar vi rett og slett ikkje om. Konklusjonen er at dette ikkje er godt nok, vi må opp på eit heilt anna nivå om vi skal opp blandt dei beste laga i divisjonen. Men fleire kampar kjem og eg er sikker på at vi skal løfte oss kraftig.

HIL
Kristoffer
Martin
Jan Rune - Kristian fom 80min
Rasmus
Even
Morten
Ole Chr
Tor Ådne - Stian fom 65min
Svein Olav - Olav fom 45min
Edvin - Kim Runar fom 40min
Sturla

1-3 ( 0-2)
Mål HIL - Martin

Tilbake