|
29.5.2010: Jamt mot Dale...
Forfatter: Edvin Haugen
Damelaget tapte 2-1 på bortebane mot Dale fredagkveld. Kampen var knappe 10 min då Dale gjekk opp til 2-0. Dermed fekk HIL ein verst tenkeleg start på ein tøff bortekamp på ei knallhard kunstgrasbane i ytre Sunnfjord.
Når Malin Seljeset reduserte til 2-1 ikkje lenge før pause fekk HIL trua tilbake, men ein mållaus 2 omg sørga for at poenga vart igjen i på Dingemoen.
I følge trenarduoen Espe/Lødemel so var Dale litt beire enn HIL. Dei hadde god ballkontroll og eit betre samspel enn Honndalsjentene, men vi var best i duellspelet.
På slutten hadde HIL fleire sjansar som kunne resultert i mål, men det ville seg ikkje.
Det er vert å merke seg at HIL sitt damelag må tilbake til 2008 sesongen for å finne sist gong det vart tap i serien. No må ein berre sjå til at tapsrekka blir kortast mogleg. Neste kamp og nye sjanse for poengfangst er fredag 4 juni heime mot Gaular.
HIL sitt lag Tonje Fannemel Beate Lødemel Helene Otterdal Marianne Seljeset Malin Seljeset Marie Ingeborg Espe Anne Marte Espe
Innbyttarar: Emilie Otterdal Eva Malen Haugen Ina Kristin Seljeset
|