28.5.2010: Herrelaget har heimekamp

Forfatter: Edvin Haugen

I morgon (laurdag) kl 15.00 spelar herrelaget årets fyrste heimekamp.

På motsett banehalvdel står Stadlandet.
Dei rykte opp frå 6 divisjon i fjor, og er eit nytt bekjentskap for dei spelar fotball på Hornindal i dag. Ser ein tilbake til 70 og 80 talet ser ein at Hornindal og Stadlandet har braka saman i mange kampar.

Til dømes i 1984 sesongen var vi saman i6 divisjon, det som tilsvarar dagens 5 divisjon, etter omlegging av divisjonssystemet tidleg på 90-talet.

Kampen på Stadt enda med klar 5-0 siger til heimelaget medan haustkampen enda med ein 3-2 siger til Hornindal etter nokon dramatiske sluttminutt.

Hornindal - Stadtlandet 3-2 (0-0)
1-0 Reidar Støverstein Stjernetreff frå 25 m og ballen fauk i nettmaskene.
2-0 Martin Espe
2-1 85 min
2-2 92 min
3-2 Ståle Hatlelid rett frå avspark. Det var 20 sek igjen av kampen når avsparket vart teke.

Slutt tabell 1984 sesongen

 

NR. LAG K S U T MÅL P
1. Høyang 18 12 3 3 46-29 27
2. Anga 18 12 2 4 56-31 26
3. Jostedal 18 11 4 3 39-22 26
4. Gulen 18 10 3 5 37-25 23
5. Stårheim 18 7 6 5 39-30 20
6. Stadlandet 18 7 3 8 45-39 17
7. Hornindal 18 8 1 9 31-34 17
8. Flatraket 18 5 1 12 31-44 11
9. Loen 18 4 0 14 13-46 8
10. Aurland 18 2 1 15 21-58 5

Tilbake