26.5.2010: Bakka og Oppheimen om kampen og litt til...

Forfatter: Edvin Haugen

Det nærma seg årets fyrste heimekamp for herrelaget så i den anledning har vi snakka med trenar Steinar Bakka og gentleman Jan Rune Oppheim om kva dei trur om kampen laurdag.









Steinar Bakka vise her sin blendande skuddteknikk. Om HIL skulle få frispark i farleg posisjon kan det vere at Bakka byte seg sjølv inn for å ta frisparket?

Klar til kamp på laurdag Bakka?

Jepp, no e det på tide med heimekamp igjen, lenge sia sist.
Siste var vel 0-3 tap for Florø2 på hausten i fjor. Det er på tide å viske vekk den flekken...


Rune Bratseth brukte å legge eit handkle over hovudet og be til gud før kamp. Har du faste rutiner før kampane?
He,he nei det har eg ikkje du. Er vel kun å sørge for at alt er på plass til kamp slik at dokke surrebukker til spelarar slepp å tenkje meir en strengt tatt nødvendig. Samt svare på den standardiserte sms`en frå Solumen om kor tid det er kamp og når han skal møte opp....


Korleis ser det ut på spelarfronten? Fyldig tropp?
Tja, alt er vel ikkje avklart endå, men vi skal nok klare å stable eit godt lag på bana klar til å jakte på tre poeng.

Kva veit du om Stadlandet?
Dei har kjerringa dei!, bles gjer der ofte, flott strand der storsurfarane kan kose seg. Mykje gjenomgåande skipsfart og søstra til bestemor mi bodde der i ei årerekke. Bor vel ca 2-3 fotballag der ut, butikk har dei. Yste neset før du e rett i storhavet. Mykje fisk å få rett utføre nåva.....
Dei ønskjer å byggje ei spektakulær skipslei rett igjennom tarebanken og strake vegen til Måløy. Ein fin stad med flott natur verdt eit besøk for dei fleste. Ein stad der du ferdast betre med båt en bil..

Kva veit du om fotballaget til Stadlandet?
Ikkje mykje, veit at der er stor entusiasme der ut, ny flott kunstgrasbane og eit lag som er i stor framgang. Blir spennande å møte ein ny motstandar som vi ikkje veit so mykje om.

Kva trur du om kampen?
Tru er ikkje mi sterke side Haugen ! Det overlet eg til andre...

Resultat tips?
Lika ikkje å tippe resultat, trur det kan bli ein spennande kamp der vi dreg det lengste strået, eit mål eller to ekstra i vår favør.



Jan Rune er kjent som en gentleman på bana, men e han egentli so gentleman på bana som alle ve ha det til? :)


Klar til kamp på laurdag Jan Rune?
Slik det ser ut no so er eg det ja.

Rune Bratseth brukte å legge eit handkle over hovudet og be til gud før kamp. Har du faste rutiner før kampane?
Neh. Sprikje kanskje litt ekstra med storetenene før eg teke på meg fotballskona ;)

Korleis er det med kroppen, er du kvitt strekken frå sist kamp?
Eg håpa det. Etter litt alternativ trening sia sist kamp, so må eg få testa ut litt på onsdagstreninga.

Kva veit du om Stadlandet?
Eg ha haurt at der blæse fælt.

Kva veit du om fotballaget til Stadlandet?
Det er litt begrensa, er vel ei stond sia vi har spelt mot dei. Trur dei har fått erstatta grusbana si med kunstgras der ute, so dei er sikkert blitt beire sia sist.

Kva trur du om kampen?
Det blir en tett kamp mot et hardt kjempande Stadt lag. Dersom vi klarer å få fram skikkelig innsats frå våre egne, trur eg likevel kampen skal bikke i vår favør.

Resultat tips?
3-1 til Hånndalen.

Ka du ska til med etter kampen laurdag?
Studie tur til Oslo. Skal vel studere kulturlivet i tigerstaden ilag med div. andre verdige representantar for bygda regner eg med ;)





Tilbake