21.5.2010: Marie Ingeborg scora 3 mål i serieopninga

Forfatter: Edvin Haugen

HIL sitt damelag starta serien i kveld fredag. Det vart siger med 4-3 på bortebane i Eikefjord.

Før kampen hadde damene som reiste avgårde til Eikefjord ikkje stor tru på siger. Kun 8 spelar var disponible, og fleire av desse sleit med små skader og sjukdom, men når dommaren bles av kampen var det Hornindal sine damer som kunne ta med seg 3 poeng heim att til Nordfjord.

Ei strålande fornøgd Marie Ingeborg kunne fortelje om kanoninnsats av samtlege 8 honndalsjenter, og ein herleg slite siger på bortebane. Ho sjøl kan ikkje minnast at ho ha funne nettmaskene 3 gongar i ein og same kamp, og var naturlegvis strålandes nøgd med eigne prestasjonar.

Kampfakta:
Eikefjord - Hornindal 3-4 (1-2)

0-1 Marie Ingeborg Espe
0-2 Ingvild Taraldset
1-2
2-2
3-2
3-3 Marie Ingeborg Espe
3-4 Marie Ingeborg Espe

Hornindal sitt lag:
Tonje Fannemel
Beate Lødemel
Eva Malen Haugen
Malin T Seljeset
Marie Ingeborg Espe
Ingvild Taraldset
Marianne Seljeset
Ina Kristin Seljeset

Vi gratulerar damene med ein flott siger, og ser fram til fyrste heimekamp.

Tilbake