|
16.5.2010: Bremanger - Hornindal 2-3 (herrar)
Forfatter: Edvin Haugen
Laurdag spela herrelaget sin andre kamp for sesongen. Motstandar var serieleiar Bremanger. Eit lag som har ein solid heimestatistikk. På dei siste 11 kampane har dei 10 sigerar og 1 uavgjort. Uavgjortkampen var faktisk mot Hornindal i fjor, der vi forøvrig spela med 10 mann heile kampen.
Etter tap i seriepremiera mot Eid 2 var det ein spent og svolten Honndalsgjeng som sette kursen mot Bremanger.
16 mann disponibelt til kamp er ikkje kvardagskost. Spesielt 2 comeback i Honndalsdrakta gjorde at forventingane og forhåpningane om eit godt resultat var tilstades.
 Kristoffer legg eit godt grunnlag før kampen.
Kampfakta Bremanger - Hornindal 2-3 (1-3) Stadion: Bremanger Stadion (gras) Publikum: ca 90 Dommar: Ragnar Åmot, Jølster Målscorar: 0-1 Eivind Grodås 0-2 Eivind Grodås 0-3 Rasmus Gausemel 1-3 Henning H Hauge 2-3 Henning H Hauge
 Rasmus Gausemel og Eivind Grodås scora mot Bremanger.
Hornindal sitt lag (4-4-2):
Kristoffer Grodås Håvard Sollid Jan Rune Oppheim (Sturla Lødøen frå 75 min) Rasmus Gausemel Martin Seljeset Tor Ådne Seljeset (Kim Runar Heggen frå 83 min) Håvard Maurset Morten Taraldset Ole Christian Nygård Even Lødemel Eivind Grodås (Olav Otterdal frå 28 min)
Litt om kampen:
I 1 omgong er HIL det klart beste laget. Eivind Grodås er ein stor trussel frå fyrste sekund, og allereide etter 4 min ligg ballen i mål bak Bremanger sin keeper. Eivind er lynrask og får ballen i bakrom og åleine med keeper gjer han ingen feil. 0-1!!

0-2 kjem etter eit langt utspel frå Kristoffer Grodås, ballen går over alt og alle og Eivind Grodås er åleine med keeper og lobbar ballen over ein sjanselaus Kenneth Fosse Elde i Bremangermålet, HERLIG gutta!
Rett etter dette er Eivind på farten igjen, men dessverre får då Eivind ein solid strekk på baksida av låret og må ut. Med Eivind ut miste vi ein viktig trussel for eit sjørt bremangerforsvar.

Uansett inn kjem fyrtårnet Olav Otterdal 2.04 på stømpelesten. På ein corner rett etter innhoppet er Olav si oppgåve å "stå på" keeper, og når Rasmus Gausemel får gå opp umarkert å stange ballen i mål (olav dekka lovleg for keeper og slepp ballen i mål) er HIL i føringa 0-3!!
Rett før pause reduserar Bremanger til 1-3, og det er dessverre liv i kampen igjen.

2 omgong blir ein tøff etappe. Bremanger har håp om¨å innhente HIL si leiing, og jobbar som galne, men dei kjem ikkje til altfor mange store sjansar, nokre har dei, men det har også vi. Olav og Sturla kunne og burde ha scora, men 2 klasseredningar av Bremangerkeeper sørge for at HIL ikkje får fleire mål, og når Bremanger berre scora et mål so blir det ein viktig 2-3 siger for HIL.
Tilslutt må eg kommentere dei 6 gule korta som vi får. Kampen var ikkje spesielt prega av stygt spel eller tøffe taklingar, og Bremnager får nok omtrent like mange kort som oss. MEN, når vi leda 3-0 på bortebane mot eit lag som Bremanger skal ikkje vi "gå sure" å få fleire tåplige gule kort. Ditte er en ukultur som vi må få slutt på folkens!! Alle veit at når dommaren bles so får vi han ikkje til å endre meininga si uansett kor mykje vi kjeftar på han. So her bør alle gå i seg sjøl til neste kamp!!
PS! Alle er vel enige om at det var ein fin tur heim? :)
|