27.2.2010: Haugen - Hornindal 4-1

Forfatter: Edvin Haugen

Herrelaget spelte årets fyrste treningskamp i går kveld. Motstandar var 6 divisjonslaget Haugen som til slutt vann 4-1.

Dette var årets fyrste fotballøkt utanfor gymsalen, so forventningane til eigne prestasjonar i denne kampen var ikkje høge. Det viktigaste var å kome med kamptreninga.

Debutanten Tor-Ådne Seljeset (15) sende HIL i føringa 0-1, noko som også var stillinga til pause.

Etter pause var Haugen det førande laget, og vann til slutt fortent 4-1.

Trenar Steinar Bakka seier følgande om kampen:
Ein ganske rufsete kamp frå vår side. 1 omgong heng vi godt med, men i 2 omgong skortar det på kondisjonen, og Haugen er klart best.
Vi er sterkt prega av at vi ikkje har vore på stor bane tidlegare i oppkøyringa. Kampen var uansett ei verdifull trening.

Sjølv med stortap klarar Bakka å sjå lyspunkt etter kampen. Forsvaret heng godt med, og unggutane Tor Ådne Seljeset og Trym Eirik Bjørneset er gode i 1 omgong.


HIL stilde med desse spelarane:
Stian Taraldset
Per Otto Lien
Jan Rune Oppheim
Rasmus Gausemel
Martin Seljeset
Olav Otterdal
Morten Taraldset
Trym Eirik Bjørneset
Svein Olav Solum
Tor Ådne Seljeset
Even Lødemel

Innbyttar
Kristian Haugen

Tilbake