10.9.2009: Tett på trenarane

Forfatter: Edvin Haugen

Det nærmar seg sesongens høgdepunkt på heimebane, nemleg kamp mot Loen. Vårkampen i Loen har vi lagt bak oss, og ser fram mot den komande kampen.
Vi har stilt trenarane nokre spørsmål for å sjekke ståda i dei to leirane nokre daga før kampdagen.


Jan Erik Sandbakk (bildet)er Loen sin trenar, ein klassespelar som glatt kunne spelt mykje høgare i divisjonssystemet.
Han har følgande tips og tankar før avspark:


Spm 1: Korleis er ståda i troppen før kampen?

Det er som alltid litt blanda drops for oss som spelar i pondusdelen av
ligasystemet. Vi er alltid svært snilde, så ingen har karantene.
Bortebuarane våre hentar vi ikkje heim spesielt, så med mindre nokon av dei
tilfeldig vis er heimom til komande helg, så manglar vi her 5-6 spelarar som
alltid ville vore brennheite kandidatar til ei startoppstilling i Loen.
Heldigvis slepp vi stresse med dette då vi har ein brei stall (over 30) med
jamn god kvalitet og mange framstormande og motiverte ungdomar. 2-3 er
truleg ute med skade/sjukdom, men alt er nok ikkje 100% sikkert før vi
nærmar oss søndag.

Spm 2: korleis har sesongen vore so langt for laget ditt?

Det har vore opp og ned i både prestasjonar og derav resultat. Mest uro er
eg over att prestasjonane og innsatsen svingar kraftig innanfor kvar enkelt
kamp. Mest nøgd er eg med guttespelarane vi har fått opp på seniornivå i år.
Dei har teke nivået i 5.divisjon på strak arm. Driven i satsinga til Loen
frå 2008 og dei neste 5-10 åra ligg i at vi jobbar med stor deltaking og
mykje god kvalitet i dei aldersbestemte klassane, så det blir kjekt å følgje
alle i utviklinga framover og ikkje minst ta godt imot dei når dei kjem på
seniornivå. Ser vi bort frå at eg synest vi burde hatt betre uttelling i
poeng mot Bremanger og vår ekstremt svake prestasjon borte mot Eikefjord
(der vi kanskje stilte til start med vårt beste lag på papiret i år!), så er
vi sjølvsagt nøgde med plassering og poeng gitt at vi har underprestert i
for mange kampar denne sesongen og at vi i 2008 starta med blanke ark i
6.divisjon. Vi satsar sjølvsagt på at vi har dei store prestasjonane framfor
oss i dei kampane som står att denne sesongen.

Spm 3: Vårkampen enda 6-0 til Loen, korleis trur du denne kampen vert, og
korleis endar den?

På denne årstida, og med det veret vi har hatt dei siste månadane (!), så
ligg vel ikkje alt til rette for finspel akkurat. Dessutan er det jo
lokaloppgjer, og dei blir stort sett alltid tette bataljar. Dei som orkar
mest, legg størst innsats og vilje i det, og har marginane med seg vil nok
gå av bana med rett antall resultat og poeng. Så får vi sjå korleis det går.
Resultatet frå vårsesongen trur eg ikkje oddstipparane ville brydd seg om
ein gong. Vi tapar 2-7 borte mot Eikefjord. Hornindal vinn 7-0 heime mot
same laget. Det er rom for mange utfall i denne divisjonen...

Spm 4: Er målet opprykk til 4 divisjon?

Nei. Med mindre eg ein gong blir trenar på eit eventuelt betydeleg høgare
nivå, så vil det aldri bli sett slike mål med meg ved roret.

Som spelande trenar i Loen - derav fleire år i tospann med andre spelarar i klubben - har
målet alltid vert å skape prestasjonar for kvar enkelt og for laget som
heillheit gjennom fokus på trivsel, engasjement og begeistring. Og det viser
seg å gi resultat gjennom at mange melder seg engasjert på, trivst med
fotballen og i tillegg presterar på fotballbana. Det er då det blir kjekt og
du skapar miljø for rekruttering og engasjement i klubben til tross for tynne grunnlag. Og så blir det jaggu meg ofte gode resultat ut av det og.

Då spelar det mindre rolle kva divisjon ein tilhøyre. Ein slik filosofi må
sjølvsagt inkludere eit ope sinn i forhold til spelarar som ønskjer å satse
høgre oppe i systemet, og det har vi hatt bra kultur for i Loen.

Etter siste kamp mot Eikefjord får vi svaret på om vi har prestert godt nok totalt sett
i år til å forsvare at vi kan teste oss på eit høgre nivå i 2010. Om det
ikkje skulle skje denne gongen, så trur eg vi i Loen er i gang med å utvikle
eit lag som framover vil prestere såpass bra fotball at vi snart vil være å
rekne som eit godt lag i 4.divisjon




HIL sin trenar Steinar Bakka, tidlegare stjernekeeper både innan handball og fotball, synd han ikkje greip sjansen medan han var på topp:

Spm 1: Korleis er ståda i troppen før kampen?

Trur det ser brukbart ut, ikkje full oversikt enda, men skal kunne stille eit slagkraftig lag. Fleire studentar kjem heim denne helga og vi har nok ein breiare tropp å velge frå en på lenge.

Spm 2:
korleis har sesongen vore so langt for laget ditt?

Sesongen so langt kan vi ikkje klage på, vi har hengt med i toppen og det var og målsetninga før sesongen starta.
Med tanke på kor usikkert det har vore frå kamp til kamp med disponible spelarar må vi sjå oss fornøgde med resultata so langt.

Fleire unge spelarar / nye spelarar har vist seg fram frå ei positiv side, og det ber bud om endå betre tider i åra som kjem.
Vi har svinga for mykje i prestasjonane våre , men når vi har flyt så spelar vi flott fotball.



Spm 3:

Vårkampen enda 6-0 til Loen, korleis trur du denne kampen vert, og korleis endar den?
Loen var klart beire en oss i vårkampen sjølv om at 6-0 var i overkant godt betalt kampen sett under et.

Trur på ein tett match til helga der Honndalen trekk det lengste strået med 3-2.
Vi har ikkje tapt heime i år og ønskjer å fortsette den trenden.
Tek vi med at det ligg litt ære i eit lokaloppgjer så bli nok dette ein artige kamp der den som orka mest tek poenga.

Spm 4: Er målet opprykk til 4 divisjon?

Njet! 5 div passar nok best eit år eller to til for oss.
Men vi går på bana for å vinne alle fotballkampar så vi må telle opp til slutt. Målsetjinga vår er å kome tilbake i fjerdedivisjon, men om det tek eit år, to eller tre betyr mindre.

Vi har fine kull nedover i aldersbestemte rekkjer med lovande spelarar. Det bli ei særs vigtig oppgåve å ta vare på desse i åra som kjem slik at vi kan bære frukter av dei når senioralder er oppnådd.

Tilbake