13.8.2009: Herrane møter Jølster 2

Forfatter: Edvin Haugen

På søndag er det klart for haustsesongens fyrste heimekamp.

Jølster sine nest beste kjem på besøk på Parken og kampen har avspark kl.15.00.

HIL vil til denne kampen mangle nokon av dei som var med i sist kamp. Dette pga av studiestart mandag so fleire av spelarane er då allereide på plass på studieplassane sine. (Oslo, Bergen og Trondheim). Uansett, vi ser føre oss at vi skal klare å bite frå oss på heimebane.

Sist møte mot Jølster 2 enda som kjent 4-3 i HIL sin favør etter at Jølster leia 3-0.

Vi ynskjer publikum velkomne til kamp på Parken søndag kl.15.00.

Tilbake