27.7.2009: En siger og et tap for jentelaget i Norway Cup

Forfatter: Edvin Haugen

HIL sitt jentelag er denne veka på Norway Cup.
Ei av verdas største fotballturneringar starta i går og Hornindal sine jenter tapte 3-0 mot Stadsbygd frå Trøndelag.

Til kampen i dag hadde spelarane rista av seg skuffelsen etter eit trasi tap. Motstandar i dag var Vålerenga sine jenter på Valle Hovin, og Honndalstausene knuste Vålerengajentene ned i støvlane!! Sluttresultatet vart 5-0 i favør HIL.

Ein fornøgd trenar Robert Grodås rapporterte frå Oslo. Jentene gjorde ein kjempejobb i dag og alle spelarane var på bana i løpet av kampen.


Målscorar var:
1-0 Marie Haugen
2-0 Ida Pauline Lødøen
3-0 Anna Hofseth
4-0 Nina Tomasgård
5-0 Helene Otterdal

Vålerenga fekk straffe like før slutt, men sette den over HIL sitt mål.

I morgon ventar Loddefjord som står med 2 strake sigrar so langt i turneringa.

Vi i HIL-Fotball ynskjer jentene lukke til!!!

Tilbake