Alle store fotballag har sin eigen pris for årets namn. Hausten 2002 - etter at opprykket
var klart - fann Svein Otto Espe og Svein O. N. Solum ut at ein slik pris måtte vi
i Hornindal og ha. Dette skal vere ein årviss tradisjon.
Vi tenkte mykje på eit godt namn på prisen. Vi har jo Kniksen-prisen som ein nasjonal
hederspris. Med Kniksen i tankane brukte juryen lang tid på å gå gjennom alle store fotballnamn
som har vore i bygda. Vi endte til slutt opp med det naturlege valet: "Årets Svein".
ÅRETS SVEIN 2005
Den tredje "Årets Svein" vart tildelt Gunnar Grodås. Juryen (beståande av Svein & Svein)
grunngjev dette på denne måten:
- Alltid positiv
- Pådriver for barneidrett og voksenidrett
- Driver Super’n på en framifrå måte!!!
- Stiller på - ALLTID!!!
- Vanvittig fysikk og et nydelig ytre
- Kanskje landslagsspilleren vi aldri fikk se
- En kjernekar!!!
ÅRETS SVEIN 2003
Den andre "Årets Svein" vart tildelt Leiv Gausemel. Juryen (beståande av Svein & Svein)
grunngjev dette på denne måten:
- Skeive sidelinjer
- 16 meteren på ca 7 meter
- Alltid positiv
- Stiller på til ein kvar tid
- Representerte bygda på ein framifrå måte i rikspressa med si eminente traktorkøyring forbi kommunehuset
ÅRETS SVEIN 2002
Den første "Årets Svein" vart tildelt Steinar Bakka. Juryen (beståande av Svein & Svein)
grunngjev dette på denne måten:
- Stor innsats i veteranturneringa på Stryn Stadion.
- Enorm innsats som Fotballformann og assistent-oppmann, i tillegg til formann i Grodås Cup.
- Han har "heilt ok sko".
- Profilerte bygda på ein framifrå måte på TV frå Russland.