Hornindal IL - A-laget

Hornindal sine a-lag for damer og herrer presterte resultat på det jamne i 2006. Damelaget sitt sesong var prega av ein del kampar der resultatene gjekk mot spelet sin gang. Herrelaget sleit mot dei "dårlege" laga, mens dei gode laga (dei som rykka opp) fekk grisebank av HIL.

I 2007 held Gunnar Grodås og Morten Taraldset fram som trenarar. Gunnar som hovudtrenar, mens Morten er teknisk trenar. Det same gjer Steinar Bakka som sportsjef på seniornivå og oppmann er Pål Rene Heggen.

På damesida er Sveinung Gausemel, Edvin Haugen og Endre Lødemel samde om delt ansvar.

Herrelaget har som målsetjing å etablere eit godt 4. divisjonslag. Vi må innsjå at dei beste spelarane har lyst til å spele på eit høgare nivå for andre lag, derfor er det vanskeleg å snakke om opprykk til 3. divisjon. Målsetjinga må vere å vinne alle heimekampane, og så ta ein del poeng på bortebane. Da er vi nøgde!

Damelaget har som målsetjing å kjempe om opprykk.

Vi har fått til eit betre system i klubben, både rundt den aldersfastlagde delen, og A-laget. Skal det sportslege fungere, må rammene også vere til stades utanfor bana. Og det jobbar vi for å få til.

Vi har etter kvart svært mange STORE talent i klubben vår. Både på dame- og herresida. Desse vil vi nok få høyre meir til i åra som kjem.

Her er herrelaget etter opprykket hausten 2005:


BV: Håvard Sollid, Endre Lødemel, Svein Solum, Jan Rune Oppheim, Edvin Haugen, Kjetil Svarstad, Morten Taraldset, Martin Seljeset og Terje Flåm.
FV: Ole Christian Nygård, Rasmus Gausemel, Marius Grodås, Kristoffer Grodås, Helge Håvik, Tarjei Lødøen og Terje Øye.