| Anlegg |
|
Detaljkart Hornindal Idrettspark NB: Tar litt tid å laste ned kartet (170 kB). Hornindal har Sogn og Fjordane sitt finaste idrettsanlegg. Med 2 grasbaner og friidrettsanlegg i tilknytning til Hornindal skule har vi eit betre utgangspunkt enn dei fleste.
Idrettsanlegget har vorte til hovedsakleg som følgje av dugnadsarbeid. Totalt ca. 9000 dugnadstimer er gått med. Arbeidet starta 18. mai 1984 og vart sluttført juni 1989. Første stemne vart arrangert første helga i juli 1989. Anlegget er ferdig nedbetalt. |